Velkomen til Urke Camping

cropped-logoUC31.jpgCampingen

Velkomen til Urke Camping. Vi har 8 hytter som har frå 2 til 5 sengplassar kvar, 12 bubil-/vognplassar og god plass til telt. Campingplassen har sanitæranlegg med dusj og WC, samt ei «kjøkkenhytte» som kan nyttast av alle.

Campingen vart starta på 1960-talet, men vart nedlagd i 2010. No har eigaren av campingplassen stilt området til disposisjon for bygda, og plassen vart gjenopna sommaren 2014. Alle hyttene er renovert på dugnad av bygdefolket for å bevare butikken i bygda, som også står for administrasjonen.

Urkebygda

Urkebygda ligg solvendt på nordsida av Norangsfjorden, ei 6 km lang sidegrein i austleg retning av Hjørundfjorden. I austenden av Norangsfjorden ligg Øye og Norangsdalen. Fjorden går som ein gigantisk canyon inn gjennom fjellområdet som vert omtalt som Sunnmørsalpane. Fjorden er jamt over 400m djup og på begge sider av fjorden stig dei alpine fjelltoppane opp til om lag 1.600moh. Ved Norangsfjorden ligg velkjende Slogen (1564 moh), Urkeegga og Saksa. Hyttene har fått navn etter dei kjende fjelltoppana i fjorden.

DCIM100GOPROCampingplassen ligg midt i hjartet av Urke ved sida av elva som renn gjennom bygda. Campingen vert driven av Urke Landhandel som berre ligg nokre få meter unna, på andre sida av elva. Her er det utsal av dagligvarer, medisin, drivstoff, tipping, post og øl.

På Urke har vi også Sunnmøre sin flottaste serveringsplass BaseCamp Hjørundfjord på Urke Kaihus. Der er det opent stort sett heile sommaren og hausten. Dei kan freiste med ei heilt unik uteservering i vakre omgjevnadar. Dei har også servering inne i kaihuset, der det er fokusert på ei heimekoseleg atmosfære.

Urke kaihus FB

I 2012 endra Hurtigruten kursen for fyrst gong på 20 år. Då bestemte den seg for å segle inn til denne vesle bygda med berre 53 innbyggjarar. Dei fyrste11 anløpa Hurtigruten hadde i Hjørundfjorden blei ein enorm suksess, og no seglar dei i heile to månader kvar sesong til Urke (1.september – 31.oktober).